tirsdag, august 11, 2009

Vårt største prosjekt er i gang!

Sjølv om øyra mine no er litt leie av boring og graving tett innpå husveggen, så er eg veldig glad for at vi straks er skikkelig i gang med byggetrinn 2. Nummer 1 var å pusse opp gamlehuset, nummer 2 er å utvide det. I løpet av kort tid skal dei sprenge fjell kun 20 cm frå husmuren min, eg ser ikkje akkurat fram til det, men håpar det går KNIRKEfritt....kjem nok til å saumfare skifergolvet i kjellaren etter sprekkar etterpå.
Eg skal få dobbelt så stort kjøkken, med tilhøyrande spisestove, det skal bli heilt supert. Gutane får sin eigen leikehems, stor gang til å snu seg i, vi får stor stove med panoramautsikt ned på fjorden, bibliotek til å samle bøkene våre i, fleire toalett...slik at vi ungår krise når seks personar blir råka av magesjuke og lyt nytte eit einaste WC!
Detta blir spennande, travelt, noko stress, mange problemløysingar og ymse spørsmål å finne svar på!
Eg gledar meg til jul...i 2010!

mandag, august 10, 2009

Ny giv!


No har eg sett meg so lei på umåla lister og skåp dei siste sju åra, no måtte noko skje.

CD-hylla sette i gang prosessen.

Ho gjekk frå å sjå slik ut:


Via slik:


Kommoden og alle leikane som stod på den vesle golvflata mi vart erstatta med denne hjørnehylla i MDF. Eg tykte den praktiske verdien vart heilt suveren, nyttigaste møbelet eg har. Vidare blir oppgåva å finne oppbevaring som høver i hylla og som kan roe ned uttrykket ytterlegare. Fortsatt ser det litt rotete ut på veggen, men med tida skal det bli betre, golvet er i allefall fritt og kan vaskast på eit blunk!




CD-hylla vart til slutt slik. Her manglar fortsatt bokstavar bakpå kvar og ein av dei og "alfabetasering", men det kjem, det kjem.




Spisedelen i det lange og trange allrommet vårt etter stuntet. Endeveggen har fått ein lys grønfarge, eg likar så godt bleikgrønt og det gjorde rommet koselegare tykte eg.







Her frå ein litt annen vinkel.