onsdag, juni 17, 2009

Kreativt heimekontor i kjømda!

I går og i dag har eg vore særs oppteken på loftet.
Eit rotete kontor som ikke har sett orden og åtferd sidan fødsel i september skal snart stå skrubba og reint, med tomme permer, symaskin, utklippsbok, insirasjonstavle og det som måtte høyre med. No er eg virkelig i siget, og kjenner at sevja stig...
Sein sommar i år.

mandag, juni 15, 2009

Leike, sjå, høyre, vere, leve!

Gammel-dame-blomster, bestemorblomster, kjært og vakkert barn dette.



Leikande klinkekuler i vassmugga mi, nesten litt sommarmagi over heile greia.
Og om nokon lurer på kvifor det heiter klinkekuler, 5-åringen min seier det er fordi dei lagar kling-kling lyd...

'
Eit gammalt fjøsglas, nokre engleserviettar og eit bilde frå loftet.



Klokka.




Ein blå gitar høyrer med til små karar.





Beautybagen over alle beautybagar!

Denne fekk eg av mormor ein gong, ein skatt ho hadde funne på loppis, eg har faktisk matchande koffert.
Loftstrappa mi er egentlig helt ålreit, fint at skiskoa er på tur opp dit no midt i juni...



Dei gamle kjøkkengardinene til mammaen min.





Babyblue originalfarge på listene mine.





Puff puff!








Smått og rart

Desse damene er artige, skulle hatt ein heil haug..


Bokstavar blir til:


Dette bildet er nok ikkje heilt ferdig, og kva for veg skal ein henge det?


Veldig varmt.....





Affeksjonsverdiens tyngde veg tungt.

Den gamle ranselen min, tykkjer den er veldig fin... Kanskje eg skulle fylle den med blomar!?

Den gamle Kurer-radioen som fulgte med huset vårt, fungerar som berre det, og gjev meg lyd til husarbeidet kvar dag.



Det fyrste familieportrettet teikna av min eldste son. Fantastisk flott!
Lisjebroren kan enno ikkje gå, så han ligg på golvet. Og om nokon lurar på kva mammaen tenkjer på (inni tankebobla si) så er det eit hjarte.
Koselig!

Lokket til min fyrste matboks, denne sat eg og åt brunostskjeva mi i frå frå eg var fem år gammal. tykkjer den er utruleg søt eg.



My Little Pony. 80-tallsmerr med neonman...ho har faktisk brudekjole og.






Enkelte ting vil eg nok aldri bli kvitt, vil vel eigentleg ikkje kvitte meg med dei heller.

Affeksjonsverdien lenge leve...

Når eg no jobbar med å organisere heimen slik at den blir meir oversiktleg, mindre overfylt, meir praktisk og sjølvsagt veldig trivelig, så lyt eg gå i meg sjølv:

Kva for ting treng eg egentlig?

Er det noko eg rett og slett berre må ha i heimen min, og som eg ikkje vil kvitte meg uansett kva andre måtte meine?

-Ja! Altfor mange.... No går eg rundt på skattejakt i heimen for å bli bevisst på kva som er best likt av bebuaren i huset...altså meg...

søndag, juni 14, 2009

Fin vokster i brennesleskråningen min!

Timian er noko av det likaste eg veit om i hagen!

























I alle fargar og fasongar.























































Takløk!





Stemor.




Utflukt med mat og telt og klatretre!

Tittei mamsen!
Passande stad for luringar!
-"Ah, ditta e livet!"