torsdag, oktober 02, 2008

Sløydsal, smie og snekkarverkstad vart kjellarstove....

Eg likar tekanner



....sjølvsagt manglar det noko murpussing og og listing...


"Stilen" vår er udefinert her er det sett saman litt av kvart føler eg, men ei kjellarstove skal no fyrst og fremst vere god å vere i, og DET er ho.

Kom arbeidslyst og treng deg på........

...i dag er dagen da eg skulle gjort ein del som ikkje er vorte gjort før fordi eg har hatt så mykje anna og ikkje gjere, veit ikkje om eg får tid til å ikkje gjere det i dag heller..........

tirsdag, september 30, 2008

Ein titt inn i buret mitt

I dag har eg utført mitt fyrste lampeskjermstunt med limpistolen min
Her søv minsten om dagen






















Skakke veggar følger med gamle hus.













Eg har det på badet!



Skomakarmalar frå låven vår.












Søv søtt!




Lister er kjedelege å male

I mitt hus





Sov


sov


Kan vi utvide tida?

Trur eg held på å bli skikkelig gammal, før var våren den beste årstida eg kunne tenkje meg, men nå er det hausten som tel.
Fyrar i omnen når eg står opp. '
Lagar eplekake.
Fantaserar om å strikke full bekledning til heile familien.
.......akkurat som om mannen er interessert i å spinne rundt på kontoret i heimestrikka ullbukse...
Helst vil eg gå i hi,
ha symaskina framme heile tida,
sy selebukser til gutane,
lage bluse av gamle gardiner,
bake brød og knekkebrød,
havrekjeks og bollar.
Kanskje treng eg eit forklede?
Vaske klede med sunne(?),
økologiske såper,
helst for hand.
Skrubbe heile huset med grønsåpe.
Lage store, flotte middagar kvar dag.
Vere ei blid og opplagt mor heile tida

Det som er så kjedelig er at alt dette tek tid, og den tida den har ikkje eg akkurat no...

mandag, september 29, 2008

Heime med oss.

Full action med gutta på tur opp til muene på beite. August 2008





















Med tre aktive gutar og ein liten babygut på lading, blir det litt trangt inne i huset med 60 kvadratmeter i grunnflate!
Huset er prega av hummer og kanari, leiker, hobby kjøken, spisestove, stove, leikerom,tv-rom, hobbyrom, badog liten gang pregar hovud etasjen. At det er ein HEIM er i allefall tydeleg.
















Da er det godt at ein kan vandre ut og bruke opp det meste av energien sin der.... Ungar er ikkje skapt for stillesitjing.















Eting i eine enden, "stove" i den andre. Skal bli godt å komme i gang med prosjekt: Tilbygg.