tirsdag, september 30, 2008

Kan vi utvide tida?

Trur eg held på å bli skikkelig gammal, før var våren den beste årstida eg kunne tenkje meg, men nå er det hausten som tel.
Fyrar i omnen når eg står opp. '
Lagar eplekake.
Fantaserar om å strikke full bekledning til heile familien.
.......akkurat som om mannen er interessert i å spinne rundt på kontoret i heimestrikka ullbukse...
Helst vil eg gå i hi,
ha symaskina framme heile tida,
sy selebukser til gutane,
lage bluse av gamle gardiner,
bake brød og knekkebrød,
havrekjeks og bollar.
Kanskje treng eg eit forklede?
Vaske klede med sunne(?),
økologiske såper,
helst for hand.
Skrubbe heile huset med grønsåpe.
Lage store, flotte middagar kvar dag.
Vere ei blid og opplagt mor heile tida

Det som er så kjedelig er at alt dette tek tid, og den tida den har ikkje eg akkurat no...

Ingen kommentarer: