tirsdag, november 25, 2008

RART!

Folk er rare.
Når vi er babyer og små mennesker er det stas å vere store, tjukke, runde, lange. Det er svært å ete mykje, bæsje mykje, kunne mykje fort, snakke mykje.
Ein skal vere tidlig ute med det meste, å sitje, å stå, å gå, å gå på do, å snakke, å få tenner.
Tjue år seinare er trenden ein annen. Det er ikkje bra å vere feit, samstundes som du stikk store mengder mat inn foran. Det er heller ikkje så lekkert når det kjem ut att bak, da brukar vi luftrensar og ein snakka ikkje om det. Det er ingen som ler og seier: -”Du er så god!” Når du prompar, slår deg på ølmagen og raper (sjølv om mange menn fortsatt trur det er morosamt etter fylte tredve). Det er ikkje bra å miste håret tidlig, ikkje bra å bli grå tidlig, ikkje bra å få hengepuppar tidlig, eller rynker eller hemorider…. Og skulle du vere den i gjengen som fyrst må begynne med bleier igjen, da får du aldri meir vere med på biltur!

Kan ikkje folk få vere som dei er frå fyrste stund?
Folk er forskjellige og veldig rare!