onsdag, desember 24, 2008

God jul, frå alle oss til alle dykk!

Disney, ein klassikar til glede for nye sjåarar!


Mandel i grauten, 2008, jula då ingen fann den. (Mistenker minste grautetar for å ha la det heile forbigå i stillheit....)


Hmmm....mon tru om nokon vil klare å sove i det heile tatt i natt.



Julestemning heilt oppi taket.



Her skal gubben og gamla sitje i dei små juletimar.





Juletreet fek vi såvidt plass til i veslehuset vårt i år og...





Jul på badet...







og på do!







Juleklutar for små gutar








Jul på kjøkenet, husmorferie ei stund sidan vi skal ete hjå svigermor.









Den alle fyrste jula












Da er dei fleste golva vaska, huset luktar godt, stemininga er på plass. Disney ventar og straks skal vi smake på julebaksten og lese litt i julehefta!
GOD JUL!

















tirsdag, november 25, 2008

RART!

Folk er rare.
Når vi er babyer og små mennesker er det stas å vere store, tjukke, runde, lange. Det er svært å ete mykje, bæsje mykje, kunne mykje fort, snakke mykje.
Ein skal vere tidlig ute med det meste, å sitje, å stå, å gå, å gå på do, å snakke, å få tenner.
Tjue år seinare er trenden ein annen. Det er ikkje bra å vere feit, samstundes som du stikk store mengder mat inn foran. Det er heller ikkje så lekkert når det kjem ut att bak, da brukar vi luftrensar og ein snakka ikkje om det. Det er ingen som ler og seier: -”Du er så god!” Når du prompar, slår deg på ølmagen og raper (sjølv om mange menn fortsatt trur det er morosamt etter fylte tredve). Det er ikkje bra å miste håret tidlig, ikkje bra å bli grå tidlig, ikkje bra å få hengepuppar tidlig, eller rynker eller hemorider…. Og skulle du vere den i gjengen som fyrst må begynne med bleier igjen, da får du aldri meir vere med på biltur!

Kan ikkje folk få vere som dei er frå fyrste stund?
Folk er forskjellige og veldig rare!

fredag, november 14, 2008

Vi bygger på huset!

FULLT HUS!
Vi skal bygge ut huset vårt slik at det blir praktisk på familien vår. Seks personar skal inn og ut døra om morgonen og stelle seg på badet om kvelden. Du sit sikkert med erfaring frå ditt eige hus på godt og vondt, noko eg vil utnytte. Kan du seie meg:

Kva er det du likar best med huset ditt? Romløysing osb.

Kva er det du likar minst med huset ditt?

Kvifor?

Med litt hjelp frå andre ser eg fram til å bu i eit perfekt hus, ...eg kan i allefall innbille meg at det er mulig!

mandag, oktober 13, 2008

Haustleg

Regn, regn, regn.


Vestland,vestland
når eg ser deg slik,
med trange fjord
og regn og storm og styr...
Da blir eg tam og temlig febervarm,
vurderar å få satt inn alle kyr!

Trist vær gitt!

torsdag, oktober 02, 2008

Sløydsal, smie og snekkarverkstad vart kjellarstove....

Eg likar tekanner



....sjølvsagt manglar det noko murpussing og og listing...


"Stilen" vår er udefinert her er det sett saman litt av kvart føler eg, men ei kjellarstove skal no fyrst og fremst vere god å vere i, og DET er ho.

Kom arbeidslyst og treng deg på........

...i dag er dagen da eg skulle gjort ein del som ikkje er vorte gjort før fordi eg har hatt så mykje anna og ikkje gjere, veit ikkje om eg får tid til å ikkje gjere det i dag heller..........

tirsdag, september 30, 2008

Ein titt inn i buret mitt

I dag har eg utført mitt fyrste lampeskjermstunt med limpistolen min
Her søv minsten om dagen






















Skakke veggar følger med gamle hus.













Eg har det på badet!



Skomakarmalar frå låven vår.












Søv søtt!




Lister er kjedelege å male

I mitt hus





Sov


sov


Kan vi utvide tida?

Trur eg held på å bli skikkelig gammal, før var våren den beste årstida eg kunne tenkje meg, men nå er det hausten som tel.
Fyrar i omnen når eg står opp. '
Lagar eplekake.
Fantaserar om å strikke full bekledning til heile familien.
.......akkurat som om mannen er interessert i å spinne rundt på kontoret i heimestrikka ullbukse...
Helst vil eg gå i hi,
ha symaskina framme heile tida,
sy selebukser til gutane,
lage bluse av gamle gardiner,
bake brød og knekkebrød,
havrekjeks og bollar.
Kanskje treng eg eit forklede?
Vaske klede med sunne(?),
økologiske såper,
helst for hand.
Skrubbe heile huset med grønsåpe.
Lage store, flotte middagar kvar dag.
Vere ei blid og opplagt mor heile tida

Det som er så kjedelig er at alt dette tek tid, og den tida den har ikkje eg akkurat no...

mandag, september 29, 2008

Heime med oss.

Full action med gutta på tur opp til muene på beite. August 2008





















Med tre aktive gutar og ein liten babygut på lading, blir det litt trangt inne i huset med 60 kvadratmeter i grunnflate!
Huset er prega av hummer og kanari, leiker, hobby kjøken, spisestove, stove, leikerom,tv-rom, hobbyrom, badog liten gang pregar hovud etasjen. At det er ein HEIM er i allefall tydeleg.
















Da er det godt at ein kan vandre ut og bruke opp det meste av energien sin der.... Ungar er ikkje skapt for stillesitjing.















Eting i eine enden, "stove" i den andre. Skal bli godt å komme i gang med prosjekt: Tilbygg.

fredag, september 26, 2008

Eg er her!

Blogging må utforskast!
Kva er det som driv folk til detta her da?
Tenkte det kunne vore interessant å lese kva andre bloggar om eg da, men eg finn ingen.... Eit eller anna er det, som eg ikkje har forstått...
Dagens plan på heimebane:
Amme
Ete mat
Brette klede
Amme
Rydde kjøkken
Skifte bleie
Amme
Vaske bad
Setje ein deig
Amme
Biltur for å levere lånte sko
Tørke støv
Amme
Lage pizza
Skifte på senger
Amme
Kose med glutane mine
Helst skulle eg ha børsta Sandra, strikka, rydda meir, trent, få flytta gangen inn.....