mandag, april 27, 2009

Hageprosjekt, vår 2009

Tunet mellom fjøs og hus skulle vore pynta!
Eit av årets altfor mange prosjekt.... Vi får sjå korleis det går.

Her tenkte eg at den kunne passe med litt hageavfallskompost. Heilt nederst i hagen der eg skal grave i adskillige timar kommande månad....



Her skal eg prøve å lage ein liten plass for kafebordet mitt. Midt blant lavendel og...ugras er eg redd. Tanken er i allefall fin...

Overblikk over skråningen som eg skal fylle opp med kryptimian, salvie, lavendel og mange bunndekkere.
Så får vi håpe at det held brennesle vekke, men det står att å sjå. Blir spennande å sjå bilete frå august. Midt på blir eg nødt til å dekke eit større område med svart plast, og la det ligge brakk i eit par år, litt for stort areal i fyrste omgang.






Om nokon har gode tips til flotte, hurtigvoksande bunndekkere eller greie urter og stauder, gje meg ein lyd, eg er veldig interessert!!





Ingen kommentarer: