mandag, april 27, 2009

Eg treng tips, råd og hjelp!! Kjøkken

Vi skal snart ta til med påbygg og utviding av kjøkken, og eg gler meg noko heilt vannvittig!
Vi skal ta hol på veggen i kjokkenet og ut i den nye delen av huset. På denne måten skal kjøkkenet bli større og vi skal få spisestove med langt spisebord, nå skal vi endelig kunne ta i mot masse besøk på ein gong og likevel sleppe å gå ut for å snu.
Eg ønskjer å behalde den gamle kjøkken innreiinga, men må supplere med noko nytt, litt usikker på kva eg skal velje. I dag har vi mørk, aldringsbeisa, tradisjonell innreiing. Ser for meg ein kombinasjon med noko meir moderne og gjerne lysare, for å markere ein ny del av huset og ei ny tid! Dette vil bli eit lyst rom med mykje sol og kvite veggar. Nokon tips der ute, nokon som har erfaring frå liknande prosjekt? Bilete?

Håpar at nokon kan hjelpe meg med dette!!


(Eg skal leggje ut bilete av kjøkkenet slik det ser ut i dag litt seinare. Mulig ein kan sjå det i nokre av dei tidlegare innlegga mine.).

Ingen kommentarer: